BUKTEBAKKEN HYTTEGREND

Sanstrendene ved Nisser,
Her legg veteranbåten MS Fram til tre-fire gonger i løpet av juli månad.
Kort veg til alpinsenter og skiløyper. Nissedal kommune.
Utsikta frå hyttetomtene i vinter.
Arbeid på tomtene Buktebakken Hyttegrend

17 byggjeklare tomter – kven blir di?

 

Ønskjer du hjørnetomta øvst oppe i feltet, med skogen og fjellet bak?

 

Eller vil du ha kortaste vegen ned til sandstrendene ved Nisser?

 

Hyttefeltet er nytt og valet er ditt. Ver tidleg ute på visning, så får du drøymeplassen din i feltet. Uansett kva tomt du vel, så er utsikten til innsjøen Nisser like fin.

 

Buktebakken hyttefelt er delt opp i tre rekker, som ligg fint til oppover den slake lia med Vikfjellet bak. Alle 17 tomtene er opparbeida med straumtilgang og høg sanitær standard, klare til hyttebygging. Tomtene ligg plasserte slik at alle har utsikt mot Nisser.

 

Hyttene i feltet skal ha naturfargar og torvtak. Du kan byggje garasje og bod ved sida av hytta di.

 

Ferdig opparbeidd hyttetomt med veg, vatn, kloak og straum, Fra kr. 595 000,-

 

 

 

 

 

 

 

Velkomen til Buktebakken hyttegrend! Nydeleg utsikt. ● Kvit badestrand like ved. ● Kort veg til alpinsenter og skiløyper. ● Milevis med oppmerka turløyper. ● Kort veg til Norges mest populære klatreområde. ● Fint område for sykling. ● Fine område for  bær- og sopplukking. ● Fantastisk natur med lite trafikk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


View Buktebakken Hyttegrend in a larger map
  • Sandstrender

    Rett nedanfor Buktebakken hyttefelt ligg den finaste, kvite sandstranda. Her er det langgrunt og barnevennleg. Ein perfekt plass å nyte late sommardagar ved Nisser. Middagen kan familien grille på felles grillplass ved stranda.

    Rett nedanfor Buktebakken hyttefelt ligg den finaste, kvite sandstranda. Her er det langgrunt og barnevennleg.
    Middagen kan familien grille på felles grillplass ved stranda.
  • Sandvolleyball

    Få med familien eller vennegjengen på sandvolleyball. Ein ferdig, opparbeidd bane er klar til bruk nede ved strandlinja.

  • Båtplass

    Utbyggjar Gunnhild Håtveit planlegg å byggje ei småbåthamn ved feltet. Dette er tatt med i reguleringsplanen for området.

  • Nygårdsbryggja

    Ute på odden ligg den gamle Nygårdsbryggja. Her legg veteranbåten MS Fram til tre-fire gonger i løpet av juli månad. Den 100 år gamle båten var bygd for å slepe tømmer på Nisser. Innsjøen er den niande største i Noreg og den største i Telemark.

    Rutetabell for MS Fram

    Ute på odden ligg den gamle Nygårdsbryggja. Her legg veteranbåten MS Fram til tre-fire gonger i løpet av jule månad.
  • Tursti

    Øvst oppe i hyttefeltet startar turstien Raunåsen. Stien er merka med blått og går bratt oppover mot garden Håtveit. Her bur grunneigar Gunnhild og her oppe får du ei fantastisk utsikt over dalen.

    Kart med forklaring

    Øvst oppe i hyttefeltet startar turstien Raunåsen. Stien er merka med blått og går bratt oppover mot garden Håtveit.
  • Leikeplass

    I ytterkant av hyttefeltet, ved tomt nummer 17, blir det bygd ein fin leikeplass for barna.

     

  • Bålplass

Aktivitetar ved hyttefeltet

Webansvarleg: Simonas Fotostudio, Treungen © 2013

Bilder © Buktebakken Hyttegrend, Olav Jakob Tveit - Treungen

 

Sanstrendene ved Nisser,